Kyrkjerådet tilset ny biskop i Bjørgvin bispedøme på sitt møte 9.–10. februar i Bergen.
Den nye biskopen vert presentert i Bergen domkirke på fredag 10. ferbruar kl. 11.00. Det er ope for alle som ynskjer å delta.
Det er tre kandidatar til stillinga som kyrkjeleiar i bispedømet i vest: Kjersti Gautestad Norheim, Ragnhild Jepsen og Sunniva Gylver.
Tilsetjinga vert kunngjort med pressemelding etter at Kyrkjerådet har gjort vedtak. Det vil i følgje oppsett tidsplan skje torsdag kveld.
Den 16. april vert det vigslingsgudsteneste i Bergen, der mellom anna H. M. Kongen deltek. Då vil den tilsette verte innsett som biskop.